Klart for ny «Onsdagskveld på Rossvoll»

Frå Buvika til Søvasskjølen for å sætre er tema på onsdagskveld på Rossvol førstkommende onsdag 13. november kl 19.30. Temaet blir presentert av Folke Forvang, som er leder i Orkdal historielag.

Sætringa i Leirvassdalen på Søvasskjølen
På Søvasskjølen er Knubben siste garden i Orkdal, på grensa til Hemne. Vel 3 km nordover inne i fjellet ligg Nedre Leirvatnet, mens Øvre Leirvatnet ligg 2 km inne i fjellet. I Leirvassdalen, ved Nedre Leirvatnet, starta bønder i Melhus og Buvika sæterdrift i 1806 på eigendom som dei kjøpte frå Knubben. Området dei sætra på var området frå Øvre Leirvatnet til Jonshammaren.

Eiendommene sør for Midtsæterdalenhadde følgjande utstrekning.

Oppstart og område for sætringa i Leirvassdalen
Leirvassdalen tilhørte garden Knubben på Søvasskjølen. I 1806 vart området kjøpt opp og delt i tre eiendommer:

Løpenr 297a, i dag matrikkel 173/2, vart kjøpt av Erik Olsen Øyaas i Melhus
Løpenr 297b, i dag matrikkel 173/3, vart kjøpt av Esten Johnsen Lefstad i Melhus
Løpenr. 297c, i dag matrikkel 173/4, vart kjøpt av Lars Olsen Husby i Buvika

Eigarane dreiv sæterdrift i Leirvassdalen. Dei brukte tre dagar på å føre dyra til sætra, og måtte da krysse Orkla med heile flokken. Siste overnatting før sætra var på Fossjåren. Dei samla også høy i Leirvassdalen, som dei vinterstid kom frå Buvika og Melhus for å hente.

Det er vanskeleg å tenke seg at området var rein utmark når området vart oppkjøpt. For at dei skulle kunne starte sæterdrifta må området frå før ha vore brukt som sæter eller utmakslått. Sannsynlegvis har Knubben hatt området i aktivt bruk i lange tider før 1806.

Perioden 1806-1869
Vi skal her prøve å følge eigarforholda til dei tre eiendommane som vart utkilt Leirvassdalen i 1806. Kildene vi bruker er opplysninger om skjøter og skifter i pantebøkene, og eiendomsmatriklane i 1838, 1886 og 1907. Dessutan nokre opplysningar frå bygdebøker. Kjeldene er ikkje fullstendige, for det er alltid ein del rettighetsovergangar på denne tida som ikkje blir fanga opp i dei offentlige registra.

Løpenummer 297a, første eigar Erik Olsen Øyaas
Eiendommen var samla til 1849, men da vart halve eiendommen solgt til Jens Estensen Lefstad som også hadde halve løpenummer 297b. Han satt med eiendommen til 1864, da han solgte til Christen Olsen Lian i Hemne. Den andre halvparten av eiendommen gjekk på eit eller anna tidspunkt over til garden Hanberg i Børsa.

Løpenummer 297 b, første eigar Esten Johnsen Lefstad
I 1856 var eiendommen delt mellom sønnene til Esten, Ole og Jens. Ole Estensen Lefstad solgte dette året sin halvdel til Ole Larsen Husby som fra før hadde løpenummer 297 c. I 1864 vart eiendommen solgt Christen Olsen Lian i Hemne. Jens Estensen Lefstad satt med sin eiendomspart til 1864 da også han solgte til Christen Olsen Lian.

Løpenummer 297 c, første eigar Lars Olsen Husby
Det var skifte etter Lars Olsen Husby i 1840, og sønnen Ole overtok. Han solgte i 1869 til Christen Olsen Lian i Hemne.

Perioden 1869-1907
I 1869 hadde Christen Olsen Lian i Hemne heile eiendommen unntatt halve løpenummer 297 a. Christen solgte dette året eiendommen sin til Sivert Olsen Togstad og John Johnsen Polset.

Halve eiendommen 297 a gjekk på eit eller anna tidspunkt over til eiendommen Handberg i Børsa. Ifølge Gardtales i Orkdal II side 170 vart eiendommen solgt til Svorkdal, som dreiv sæter her antagelig rundt 1890. Ved eiendomsmatrikkelen 1890 stod Handberg som eigar i 1890, men det kan gå lang tid til oppdatering av offentlige register. Det kan også tenkast at overføringa til Svorkdal var ein type rettighetsoverføring som ikkje vart offentleg registrert, Svorkdal er i alle fall ikkje registrert i pantebøkene.

Rundt år 1900 må brukseier Lars Garberg på By ha overtatt alle eiendommane. I eiendomsmatrikkelen 1907 står han oppført som eigar. I panteregisteret er han imidlertid ikkje oppført før i 1911, med eit auksjonsskjøte til Lars Garberg.

Leirvass-sætra vart sæter under By etter at Lars Størkersen Garberg kjøpte, og vart snart kalt Byasætra. Sæterdrifta varte fram til midt på 1950-tallet. Vi skal her sjå nokre bilder frå Leirvassætra, tatt av svigersonen til Lars, Iver Gjølme.

Sæterbygningen ca. 1910. Dei to personane lengst til høgre er Iver Gjølme og Nils Arne Storø. Den siste er bestefar til Nils Arne Eggen.

Kulturminner i Leirvassdalen
På sætervollen står det i dag eit hus som er sterkt til nedfalls. I skogkanten opp mot lia er det store murar etter eit stort fjøs. På andre sida av vollen har det også stått hus, antagelig eit bolighus og eit uthus. Ved vatnet står restane av eit gammelt naust.

Ved utløpet av bekken frå Midtsæterdalen ligg ruinane etter eit stort hus med to rom. Kor gammelt dette er veit vi ikkje. Det kan være frå sæterdrifta etter 1806, men det kan også være eldre.

Øvre Leirvatnet har vore oppdemt, og i fossen rett etter demningen har det stått ei mølle. Ein ser enda rester av både demningen og mølla.

Mølla har ei merkelig plassering i forhold til Knubben. Har dei verkeleg dratt kornet langt inn på fjellet for å få det male når nabogarden Søvatnet hadde mølle? Og dersom dette var mølla dei brukte, ville dei da ha solgt grunnen som mølla stod på i 1806?

Kornmøller var tidlegare eit sjølstendig skatteobjekt, og derfor finn ein oversikter over kva for gardar som hadde møller. Alle nabogardane til Knubben finn eg med møller, men ikkje Knubben. Eg lurer derfor på om denne mølla har tilhørt Leirvass-sætra, og har vore brukt til å male korn i løpet av sætersesongen.

Søvassli hesteavlsæter
I lia ved Øvre Leirvatnet var det fleire gode utmarkslåtter: Knubbslettet, Kjelstadslettet og Myraslættet. Dette området vart i 1916 skilt ut til Søvassli hesteavlsæter frå eiendommane Knubben, Søvassli og Kjelstad.

Lia opp for Øvre Leirvatnet er svært frodig, så det er ikkje rart at området vart utnytta til utmarkslåtter og sætring.

Knubbslettet grensa opp mot Leirvassdalseiendommane ved Øvre Leirvatnet. Det er ikkje omtalt sæterhus her, området låg så nær Knubben at dei trong vel ikkje hus. Det var kanskje nok med å overnatte i ei hullu (høyløe) om det var behov for det.

Litt lengre opp i lia og ca. 400 meter aust for Hesteavlsætra låg sæterhusa på Kjelstadslettet. Avstanden til Kjelstad var ca. 1,5 mil i luftlinje, så her var det behov for sæterhus. Ein kan framleis finne tuftene etter sæterhusa.

Garden Myra i Svorkbygda hadde også eit slette her, Leirvass-slettet, lengst aust av dei tre slettene. Dette området vart det strid om mellom Søvasslia og Myra. I bind IV side 121 i Orkdalsboka står dette: «Myramennene og Søvasslikarane låg jamt i tvistemål om Leirvass.slættet. I 1740 vart det halde åstadrett. Dommen var: «Det er ved 3 vidner bevist, at det engslette Myren haver beliggende ved Leervandet, som Steen Pedersson i 1739 egenrådig indtrænget seg i» hørte Myra til. Steen vart dømt til å betale omkostninger med 6 riksdaler og til å bøte 3 ort 12 skilling til justiskassa. I 1742 let Myramannen slættet fredlyse.» Søvasslia kjøpte dette slettet i 1828.

I dagens kartverk er det to navn i området som viser til forhistoria: Myrakjølen og Myrakjølbekken. Over ei bratt skogkledd li ved Myrakjølbekken kan ein enda finne spor etter sæterhusa som Myra hadde her.

Flyfoto frå ca. 2015 over sæterområdet.

Brandås-slettet (Tuftsætra, Berntsætra)
I Midtsæterdalen grensa Leirvassdalseiendommane mot Brandås-slettet som hadde sæterhus nordvest for Øvre Hundsåvatnet. På denne eiendommen er det ein stor skiferforekomst, og det vart starta skiferbrudd her under krigen.

Rundt 1790 var Brandås-slettet solgt til Nils Olsson Sommervold for 99 riksdaler. På det første skikkelige kartet over området frå 1867-68 vart det fjellet som i dagens kartverk kalles Gråfjellet kalla Sommervoldfjellet, mens Midtsæterdalen vart kalla Sommervolddalen. Desse navna kjem sikkert av eiendomskjøpet rundt 1790.

Alt i 1803 kjøpte Ole Eriksen Tofte eiendommen sammen med tre andre buvikbønder for 113 riksdaler. Sætra fekk nytt navn etter kjøparen: Tuft-sætra, som vi også finn på kartet frå 1867-68.

På kartet frå 1867-68 er det fleire avvik i forhold til dagens kartverk. Der det på kartet over står KnipF kalles det i dag Fossfjellet, mens det står DørdalsF. der det i dag heiter Knippfjellet. Dette er nok ei feilplassering i det gamle kartet. Tuftsætra var i drift til 1884, da eiendommen vart solgt.

Ein finn ingen spor av eiendomsskifter for Brandås-slettet i grunnboka. Så her var det sannsynligvis ingen hjemmelsoverganger, bare kjøp av rettigheter som ikkje vart tinglyst.