Eggkleiva mannskor er 70 år, og markerer det heile saman med gode musikalske vener i Børsa kyrkje, les vi i ei pressemelding frå koret.
Og vidare:
Laurdag 24. mai inviterer Eggkleiva mannskor til jubileumskonsert. Koret har dei siste åra brukt mykje tid og energi på å arrangere Førjulsshow i Skaunhallen, men no har dei eit ønskje om å vise ei meir allsidig side av seg sjølv. Under kyrkjekonserten vil korsongen stå i sentrum. Her vil dei få fram vakker klang og harmoniar.
Eggkleiva mannskor vart stifta i 1944. Koret har i dag om lag 40 medlemmar, og dirigent er evigunge Stein Nilsen (bildet t.h.). Han har vore korets musikalske leiar sidan 1977, og har altså vore med i over halve tida koret har eksistert. Nilsen er meir enn musikalsk leiar for koret. Han spelar piano, gitar, trekkspel og ikkje minst er han ein pådrivar for å finne på nye prosjekt med mannskoret.
Under konserten i Børsa kyrkje 24. mai vil publikum få servert eit variert program. Her blir det svenske korklassikarar, amerikansk gospel, tradisjonell kyrkjemusikk og meir verdsleg musikk. Til konserten har koret hyra inn den anerkjente organisten Øyvind Kåre Pettersen til å akkompagnere nokre av numra.
Det er ikkje berre Eggkleiva mannskor som er aktør denne dagen. Damekoret Hedda frå Heimdal er invitert med til konserten som gjestekor.
Til Hølonda og London
Eggkleiva mannskor er og invitert til Hølonda kyrkje for å halde konsert der. Torsdag 12. juni vil hølondingane få høyre jubileumsprogrammet til mannskoret frå Skaun. Hølonda Barnegospel er og ein aktør under denne konserten. Det er Hølonda menighetsråd som arrangerer. I mellom desse to konsertane reiser mannskoret på jubileumstur til London siste helga i mai. Her er det sosiale i sentrum, men det blir mellom anna song i sjømannskyrkja.
Siste helga i november inviterer Eggkleiva mannskor til sitt tradisjonelle Førjulsshow i Skaunhallen i Buvika. Også i år vil ein nasjonal artist vere gjest.
(Foto: Eggkleiva mannskor)