Edvard Hoem besøker Skaun

Hoem-Edvard 2016 -web

Edvard Hoem (Foto: Paal Audestad)

Den kjente forfatteren kommer til Skaun kirke den 25. juni

Det er nå seks år siden Edvard Hoem sist besøkte Skaun, noe som den gang gjorde et stort inntrykk på tilhørerne.

Hoem kommer i sommer til Skaun kirke for å snakke om de to siste bokutgivelsene sine. Besøket er i regi av kulturfestivalen Kristin på Husaby, og er ett av høydepunktene for arrangementet.

Kulturfestivalen Kristin på Husaby skriver følgende om det kommende besøket:

«Det finns ikkje mange i vårt land som når opp i mot diktaren Edvard Hoem i talekunsten.»

Hoem 2010 - bilde fra Skreddarhaugen

Hoem 2010 – bilde fra Skreddarhaugen

Hoem kjem nok ein gong på vitjing til Skaun og Kristin på Husaby. Førre gongen Hoem stod på programmet til festivalen var i 2010, da han trollbatt publikum på Skreddarhaugen i Skaun med eit foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson i samband med Hoem sitt eige verk om forfattaren.

«I ein klokketime snakka han utan manus, der namn, årstal og anekdotar kom på løpande band. 150 publikumarar vart ført tilbake til ei anna tid, og dei fekk vere med på ei reise saman med Bjørnstjerne Bjørnson som dei seint vil gløyme.» Henta frå: NaboNytt

Når Hoem no kjem attende til Kristin på Husaby vil han snakke om dei to siste romanane sine, Slåttekar i himmelen (2014) og Bror din på prærien (2015). Slåttekar i himmelen er ei forteljing om det nye og det gamle landet, om arbeid, byrgskap og kjærleik, om å vera villig til å satse og gjere store offer. Bror din på prærien er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Slåttekar i himmelen.

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. Edvard Hoems bøker er selde til ni land. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend. I 2014 gav Hoem ut sin første roman på ni år, Slåttekar i himmelen. Hoem vart langlista til P2-lyttaranes romanpris for denne boka.

Kulturfestivalen Kristin på Husaby ynskjer vel møtt til Edvard Hoem i Skaun kyrkje laurdag 25. juni kl. 13-14.

Siri Grøttjord/Espen Tørset

Klikk her for arrangementet på facebook

Klikk her for å bestille biletter