Framsnakkpris til hele travmiljøet

John Wiggen tok i mot Framsnakk Viggja-prisen på vegne av travmiljøet på Viggja.

Årets Framsnakkpris gikk i år til hele travmiljøet på Viggja. Travmiljøet har i en årrekke bidratt til å sette Viggja på kartet, langt utenfor Skaun kommunes grenser. For dette ble de hedret under årets julemesse i Viggjarheim Forsamlingshus.

Av Gunnar Reitan

Det er gruppa «Sett Viggja på kartet«, i samarbeid med Viggja velforening, som deler ut den årlige prisen til folk som på en særlig måte har gjort en innsats for å fremme positive aktiviteter i bygda, og/eller har bidratt til at omverdenen har fått øynene opp for den lille bygda, som ligger i utkanten av Skaun kommune.

Ellinor Bustad, på vegne av «Sett Viggja på kartet» og Viggja velforening, overrekker diplom til John Wiggen. 

Det er flere som driver med hest og travløp på Viggja, og en av dem er John Wiggen, som på vegne av alle i travmiljøet, tok i mot prisen i Viggjarheim sist lørdag.

I grunngivningen til prisen står det blant annet:

«I år går ikkje prisen til ein enkelt person, men til fleire personar som med stor kunnskap, glødande engasjement, hardt arbeid og omtrent altoppslukande kjærleik til det dei held på med, har sett Viggja på kartet gjennom svært mange år. Vi snakkar om fantastiske prestasjonar, store overskrifter, mang ei sølvskei, flotte porselensfat, store pengepremiar og til og med kongepokal!

For mange har Viggja opp gjennom åra vore knytt til hest og tråvsport. Dette er ikkje utan grunn: Bygda har fostra hestar, eigarar og oppdrettarar på svært høgt nivå over lang tid. Det seier seg derfor sjølv at det er mange som kunne vore nemnt og heidra her i dag.

For å heidre alle dei som har investert stort, lagt ned utallige timar med hardt arbeid og sete milevis bak hesterumpa i all slags vêr og føre, og slik er med på å sette Viggja på kartet, går Framsnakkprisen 2018 til heile travmiljøet i bygda, representert ved Petter Willmann, Ingebrigt Wiggen, Ole Dahlshaug, John Wiggen og Anne Dahlshaug. Gratulerer!»

Fra: «Sett Viggja på kartet» og Viggja vel.

Hele grunngivningen finner du nederst i artikkelen.

Diplom
Premien er en diplom med en tegning, tegnet av Ellinor Bustad. Tegningen inneholder elementer fra Viggja sin historikk.

Tegning av Ellinor Bustad.

OM DIPLOMET:

For godt over 100 år sidan reiste ungdomslaget i bygda ei støtte til minne om den stolte historia til Viggja, dei gjorde ære på mektige menn som sette spor etter seg, på Viggja-ætta som går heilt attende til 1015.

1000 år med viggjabygg seinare, vil vi gjere stas på nokon som vi meiner er med på å setje den vesle grenda vår på kartet. Ikkje gjennom tapre slag og farefulle bragder, men ved å representere bygda vår på ein positiv måte. Og heideren er riktig nok ikkje skriven i stein, ei heller å få reist ei støtte, men gode tankar og ein Framsnakkpris-diplom skal vinnaren få.

Diplomen har ei teikning der motivet har element som ønsker å knytte fortida og notida saman:

Bygda ligg vakkert til med utsyn over Korsfjorden. Tilknytinga til sjøen er viktig for Viggja, fjorden ligg som ein spegel for vêr og skiftande årstider, han representerer matauk, rekreasjon og utferdstrong. Båtar er bygde her, dei har tatt med seg bygdefolket ut, men også nye impulsar inn i uminnelege tider, lenge før både bilar og bompengar var oppfunne.

Ovanfor fjøresteinane ligg ekrene der fruktbar svart jord ber bod om gode avlingar når sommaren går over i haust. I generasjonar har viggjabygg forvalta den rikdommen som jorda gir.

I denne jorda fann ein også på slutten av 1800-talet vakre spor etter menneske som har vore her før oss: spiralforma bronsesmykke som kanskje var ei offergåve, eller gøymt unna for å ha ”noko i bakhand” i dårlegare tider? Smykka og støtta over viggja-ætta minner oss om historia vår og om tidlegare sambygdingar.

Det siste elementet i teikninga er ein fugl inspirert av den vakre utskorne fuglen som fanst i den gamle kyrkja på Viggja. Fuglen bringer bod om fredelege tider, om song og glede og om det Framsnakkprisen representerer: Å spreie ordet, i dette høvet ordet om bygda vår.

Vi håper at denne prisen kan vere ein inspirasjon til at vi alle framsnakkar plassen vi bur på og sambygdingar. For ord har makt. Og gode ord gjer oss gode.

Fra: «Sett Viggja på kartet» og Viggja vel.

Benyttet anledningen
Dette er fjerde gang at Framsnakkprisen utdeles på Viggja. Tidligere vinnere av prisen er vokalgruppa Viggja Voices i 2015, Arne Viggaklev i 2016, samt Liv Elin og Dag Atle Lund i 2017.

Dag Atle Lund gikk dessverre bort i 2017, og Liv Elin kunne ikke være til stede under tildelingen av Framsnakkprisen i fjor. I år var hun derimot på plass, og benyttet anledningen til å takke for fjorårets pris.

Liv Elin Lund takket for prisen hun fikk sammen med mannen, Dag Atle i 2017.

Gruppa «Sett Viggja på kartet»
Ellinor Bustad forteller til SkaunNytt at initiativet til Framsnakkprisen ble tatt av ei gruppe damer som gjennom ulike aktiviteter og arrangement, har bidratt til å skape liv i bygda, gjennom julemesser, båtræs, «gardimellom», søndagsmiddag med mer. Dette i samarbeid med Viggja vel.

– Gruppas harde kjerne består av Hege Jensen, Hilde-Lill Vaslag, Toril Langmo Skjetne og meg selv, forteller Bustad. I tillegg har vi gode støttespillere i Eva Ch Lund, og Sissel Kjelstad med flere.

Bustad forteller at de tar utgangspunkt  i innkomne forslag fra bygdefolk, og egne forslag med aktuelle kandidater.

– Vi samler inn informasjon og holder «ører og øyne åpne» gjennom året, sier Bustad.

Bustad forteller videre at det er «Sett Viggja på kartet» som har utarbeidet formålet med prisen, og tankene bak. Selv har hun utformet diplomet.

Viggjarheim
Prisen deles tradisjonelt ut i sammenheng med julemessa i Viggjarheim, som også er kjent for sin pepperkakelandsby.

Julemesse i Viggjarheim forsamlingshus

Deler  av pepperkakelandsbyen


GRUNNGIVNING FOR FRAMSNAKKPRISEN 2018


I år går ikkje prisen til ein enkelt person, men til fleire personar som med stor kunnskap, glødande engasjement, hardt arbeid og omtrent altoppslukande kjærleik til det dei held på med, har sett Viggja på kartet gjennom svært mange år. Vi snakkar om fantastiske prestasjonar, store overskrifter, mang ei sølvskei, flotte porselensfat, store pengepremiar og til og med kongepokal!

For mange har Viggja opp gjennom åra vore knytt til hest og tråvsport. Dette er ikkje utan grunn: Bygda har fostra hestar, eigarar og oppdrettarar på svært høgt nivå over lang tid. Det seier seg derfor sjølv at det er mange som kunne vore nemnt og heidra her i dag: Ole Richter og Ivar Viggaklev t.d. som starta tidleg med trav og hadde bl.a. Viggjar og Ertebella i lag. Ertebella, har eg blitt fortalt, er stammor til omtrent alle travarane som er fødde etter 1995 på Viggja i dag. Johan J. Wiggen (Oppigard) og Erik Årvik kan nemnast – og fleire med dei, fleire som også som har vore innom som eigarar eller aktive på anna vis, og det er altså ikkje meint å gløyme nokon! – men vi har valt å trekke fram dei som har vore lengst med i «gamet», og som fortsatt er aktive i dag, og på dei som har tatt opp arven.

Petter Willmann voks opp med hestar rundt seg og starta opp med travhestar sjølv på 60-talet, han har hatt kjente hestar som Rebekka, Remi og Ådnes Mai. I 50 år har Petter halde på med travsport. Han har hatt mykje oppdrett, og dei fleste hestane har han behalde sjølv. Han er unikt glad i hest og har eit spesielt godt lag med dei, blir det sagt. Mange barnehageungar, skoleungar og hesteinteresserte elles har hatt glede av Petter og stallen hans opp gjennom åra. Ingebrigt Wiggen og Ole Dahlshaug er også kjente namn innan travmiljøet. Dei har også hatt mange hestar opp gjennom åra, fleire har dei også hatt i lag og mange har gjort det svært bra, som t.d. Viggvinn. Ole Dahlshaug har hatt fleire hestar med «Skjetne» som fornamn, som «Skjetne Mario» og «Skjetne Jerva».

Oppvokse i hestemiljøet, har også etterkommarane til desse karane vorte engasjerte hestefolk – og dei tar arven på alvor. John Wiggen har i lag med far Ingebrigt skapt store overskrifter (og pengepremiar) med hestar som Remelden, Viggmina og Viggjerva, og Anne Dahlshaug har hatt fleire hestar i lag med far, Ole, men stiller no stort sett med eigen hest, Bernard, og driv eigen trenarstall på fulltid. Alle desse har deltatt på mange lokalkøyringar i bygder rundt omkring, dei har starta på større travbaner rundt i heile landet, og i Sverige med. Dei har gjort «viggjatravar» til eit begrep og Viggja til ein stad å merke seg når det kjem til raske hestar.

For å heidre alle dei som har investert stort, lagt ned utallige timar med hardt arbeid og sete milevis bak hesterumpa i all slags vêr og føre, og slik er med på å sette Viggja på kartet, går Framsnakkprisen 2018 til heile travmiljøet i bygda, representert ved Petter Willmann, Ingebrigt Wiggen, Ole Dahlshaug, John Wiggen og Anne Dahlshaug. Gratulerer!

Fra: «Sett Viggja på kartet» og Viggja vel.

OM «FRAMSNAKK VIGGJA-PRISEN»

«Framsnakk Viggja-prisen» er eit ønske om å gjere litt ekstra stas på nokon som på positivt vis har vore med på å setje Viggja på kartet. For sjølv om vi som bur her i bygda veit det er både fint og triveleg her, så er det også for mange berre ei lita grend med nokre busstoppar langs ein vegstubb som dei fleste ikkje ein gong lenger køyrer.

På Viggja har det opp gjennom tidene budd folk som har markert seg både i og også utanfor bygda, og det er framleis i dag mange dyktige folk her, vere seg innanfor idrett, kultur, travsport, handverk… Det er også lag og enkeltpersonar som på så mange vis bidrar til at det er ting som skjer i bygda vår, mange som legg ned utallige dugnadstimar for å fremje trivsel og samhald. Det er mange som skulle fått ei tilbakemelding på at dei er dyktige i det dei gjer, at dei er rause i møte med andre, at dei betyr noko for fellesskapet.

Fra: «Sett Viggja på kartet»


Annonse