Musikalsk reise verda rundt

Koret og dirigent Anne Karin Støren og Ole Magnar Morken som Bestefar Viggen

Koret og dirigent Anne Karin Støren og Ole Magnar Morken som Bestefar Viggen

Søndag 28. mai inviterte Viggja barnekor til ”Vindu mot verden, en usannsynlig variert konsert” i Viggjarheim. Og etter  at koret allereie før pause hadde tatt eit fullsett forsamlingshus med til både Sverige, Russland, Kina, Japan, Mexico, Argentina, USA, Tyrkia og Cuba, for å nemne nokre land, kan ein trygt seie at dei hadde orda i behald.

Innspill av: Ellinor Bustad

Med seg på ferda hadde ungane i Viggja barnekor sjølvaste bestefar Viggen (Ole Magnar Morken), som hadde tatt turen heimom denne kvelden for å lose både kor og publikum trygt gjennom fjerne land og kontinent. Gjennom heile konserten sat bestefar med atlaset sitt i gyngestolen ved peisen og fortalte om dei mange landa han hadde besøkt. Han batt songar frå ulike land og kontinent saman med anekdotar og humoristiske skråblikk på livet både til sjøs og i hamner ulike stader i verda.

Ole Magnar Morken som Bestefar Viggen

Ole Magnar Morken som Bestefar Viggen

Saman med husbandet, Jan Erik Lund på gitar, Audun Støren, perkusjon og Hallgeir Måseide på tangentinstrument, danna han ei stemningsfull og triveleg ramme rundt konserten.

Husbandet

Husbandet

Undervegs var det mange høve til å bli skikkeleg imponert over både kompleksiteten i songmaterialet og mengda tekst ungane hadde øvd inn. Publikum vart presentert for fransk voggesong, afrikanske rytmar og halling frå Senja, og omtrent alt i mellom.  På somme av nummera vart publikum utfordra til å delta på fleirstemt allsong , og fekk sjølve erfare at framande ord og rytmar krev både konsentrasjon og språkøre.

Dei yngste syng Frere Jaques

Dei yngste syng Frere Jaques

Ein må også berre bli imponert over den profesjonaliteten som finst rundt koret. Det er kvalitet i alle ledd når Viggja barnekor inviterer til konsert; det er dyktige musikarar i husbandet, Volum lyd sørgar for proff lyd og lyssetting,  og ikkje minst har koret to svært engasjerte og dyktige dirigentar i Anne Karin Støren og Anne Nor. Dei er ikkje redd for å utfordre dei unge songarane sine og dei bidrar sjølve med godt humør,  stor musikalitet og ei boblande musikkglede.

Dei eldste syng Har du fyr

Dei eldste syng Har du fyr

Viggja barnekor er eit ungt kor, i dobbelt forstand. Det har berre eksistert eit par år, og songarane er i alderen 5 til 12 år gamle.  Og sjølv om ikkje alle ord sit som spikra i alle songar, og det kan bli liitt lenge å stå på scena, så er det  ingen tvil om at ungane trivst med kvarandre og med å synge, og sjarmerande scenevante er dei allereie.

Alle får velfortente blomster etter førestillinga

Alle får velfortente blomster etter førestillinga

”Vindu mot verden”  var den tredje konserten Viggja barnekor  inviterte til i Viggjarheim. Eg gler meg til den neste.


Koret i eit avslappa sekund

Koret i eit avslappa sekund